Sist oppdatert: 21. april 2026
Ved å betale hamneavgifta via Vipps, kort eller app, godkjenner du desse vilkåra og hamnereglane for Våge Gjestehamn.
1. Om Våge Gjestehamn
Våge Gjestehamn blir driven av Operatørselskapet, org.nr. 927 884 695, .
2. Hamneavgift og kva du betaler for
Hamneavgifta gjev deg rett til å liggje ved brygga for eitt døgn. Ynskjer du å liggje lenger, må du betale ny avgift for kvart påbegynt døgn.
Prisane er oppgjevne inkludert meirverdiavgift.
3. Betaling
Hamneavgifta kan betalast på ein av desse måtane:
- Med Vipps eller bankkort via QR-kode på brygga
- Kontant eller med kort hos Operatørselskapet i opningstidene deira
Stikkontroll av betaling blir gjennomført. Manglande betaling kan medføre tilleggsgebyr og bortvising frå hamna.
4. Angrerett og refusjon
Kjøp av hamneplass er ei teneste som blir levert på ein bestemt dato, og fell difor utanfor angrerettlova § 22 bokstav m. Betalt hamneavgift blir som hovudregel ikkje refundert.
Ved tekniske feil med betalinga eller dobbeltbetaling, ta kontakt på så snart som mogleg.
5. Hamnereglar
- Båteigaren er sjølv ansvarleg for å fortøye og fendre båten forsvarleg, til ei kvar tid.
- Det er ikkje tillate med høgt volum på musikkanlegg. Du skal ikkje spela musikk for heile hamna.
- Om du badar, ikkje ver åleine.
- Vi oppmodar alle båtar med badestige om å ha denne nede av omsyn til tryggleik.
- All bruk av open eld i båt er forbode.
- Plaging av fuglar og svaner skal ikkje førekomma. Fuglane skal heller ikkje matast.
- Bruk og leik med joller og vasskuter skal skje utanfor hamna.
- Det skal vere ro i hamna frå kl. 23.00 til kl. 08.00.
6. Brot på reglane og bortvising
Gjestehamnen kan vise bort gjester som bryt hamnereglane, skaper bråk, er til sjenanse for andre eller på anna vis opptrer utilbørleg. Ved bortvising blir hamneavgifta ikkje refundert.
7. Ansvar
Opphald i hamna skjer på eige ansvar. Gjestehamnen er ikkje ansvarleg for:
- Skade på båt, utstyr eller personlege eignelutar, med mindre skaden skuldast grov aktløyse frå hamna si side
- Tjuveri eller hærverk
- Skade som følgje av vêr, straum, bølgjer eller anna force majeure
- Personskade som følgje av brot på hamnereglane eller uforsvarleg åtferd
Båteigaren må sjølv ha gyldig ansvars- og kaskoforsikring.
8. Personvern
Informasjon om korleis vi handsamar personopplysningane dine finn du i Personvernpolicyen vår.
9. Klagar
Klagar kan sendast til . Vi svarer så raskt vi kan. Kjem vi ikkje til semje, kan du klage til Forbrukartilsynet eller nytte EU-kommisjonen sin nettportal: ec.europa.eu/odr.
10. Verneting og lovval
Avtalen er underlagt norsk rett. Eventuelle tvistar skal løysast ved Hordaland tingrett som verneting.
11. Endringar i vilkåra
Vi kan endre vilkåra. Oppdaterte vilkår gjeld frå det tidspunktet dei er publiserte på denne sida.