
Joakim Olsen: Fra hammer til humor
Hosted by Mandelhuset
God mat og god underhaldning, dette blir gøy!
Doors open 17:00
Hegglandsvegen 4 5680 Tysnes
About the event
I mai 2026 inviterte osingen Joakim Olsen sambygdingane sine til jubileumsforestilling i Oseana. No tek han forestillinga med seg til Tysnes. Tittelen er ikkje tilfeldig. Før han satsa fullt på standup, jobba Joakim som tømrar. På fem år har han bytt ut verktøykassa med mikrofon og gått frå byggjeplass til nokre av dei mest etablerte humorscenene i landet. Joakim har opptredd på Latter, Chat Noir, Folken og Ole Bull Scene, vann Comedy Fight Club i 2024 og har delt scene med mellom andre Thomas Giertsen, Christine Hope og Jonis Josef. Showet er ein «best of» og ei feiring av dei fem første åra på scena, med høgdepunkt, publikumsfavorittar og materiale som har forma han som komikar. No tek han steget opp på scena heilt aleine. Joakim har vore hjå oss ved fleire høve og trekt fullt hus kvar gong. Sagt om Joakim Bergens Tidende peika på han som høgdepunktet i «Julegøy» på Ole Bull Scene. I meldinga av «Ingen Plan B» blei han omtalt som ein komikar som skil seg tydeleg ut, med poeng og blikk som aldri er føreseielege. Slik blir kvelden Me startar med middag klokka 18:00, og showet startar klokka 20:00. Nytt for dette arrangementet er at de sit ved bordet dykkar heile kvelden, litt som ein klassisk showdinner. Det blir òg nokre stolrader framfor scena. Halvparten av billettane er låste til middag, så ver tidleg ute. Praktisk info Dato: laurdag 24. oktober Middag: 18:00 Showstart: 20:00 Varigheit: ca. 75 minutt Billett: 250,- Billett med middag: 690,- Aldersgrense: 18 år
Practical info
Age limit: 18 år

Terms
If the event is cancelled, the organizer will notify you and refund any participation fee. The organizer is responsible for the event. Card payments are handled by Stripe. The organizer never sees your card details.