
Fellesjulebord på Mandelhuset
Arrangert av Mandelhuset
Tradisjonell varmbuffet med julemat, dessert- og kakebord. For bedrifter og privatpersonar.
Dørene opnar 18:00
Hegglandsvegen 4, 5680 Tysnes
Om arrangementet
Me inviterer bedrifter og privatpersonar til julebord på Mandelhuset. Me har to laurdagar i november, så de kan velje den som passar best. Laurdag 21. november og 28. november. Kvelden startar med velkomst og kanapé. Klokka halv sju set me oss til bords. Då ventar ein tradisjonell varmbuffet med julemat. Til slutt kjem dessert- og kakebord med kaffi. Julebordet passar for både små og store lag. Ta med kollegaene eller vennegjengen, eller kom åleine. Me ordnar resten. Spørsmål eller større selskap: booking@mandelhuset.no.
Program

Vilkår
Blir arrangementet avlyst, får du beskjed frå arrangøren, og eventuell deltakaravgift vert refundert. Arrangøren er ansvarleg for gjennomføringa.